Tradisjon, kultur og kvalitet

Sider frå Hardanger

Sider frå Hardanger: Ei beskytta merkevara.

«Sider frå Hardanger» er det fyrste norske alkoholproduktet som har oppnådd beskytta geografisk nemning. Sideren er karakterisert av ein lett, syrleg og aromatisk eplesmak som kjem av gode vekstvilkår, og lange tradisjonar som har gitt omfattande kunnskap om korleis sideren vert laga.

Sider frå Hardanger er laga på eplejuice og er gjæra enten på villgjær fra epleskallet, eller tilsatt vin/øl/sidergjær. Samansetjinga i epleråstoffet og kvaliteten på epla i Hardanger gir Sider frå Hardanger dei smakskarakteristiske og aromatiske fruktsyrene.

Eple frå Hardanger har ei historie som går gjennom århundrar, og eplesider har vore produsert i Hardanger sidan slutten av 1800-tallet. Sider frå Hardanger er laga i Hardanger av eple dyrka i Hardanger, og vil ha ein naturleg variasjon i smak og aroma. Produsentane vel sjølv kva slags eplesortar som vert nytta, alkoholprosent og mengda sukker som vert tilsatt. Alkoholprosenten kan variera frå 3 til 12 prosent og sideren vert klassifisert som tørr, medium eller søt.

Eple frå Hardanger

«Hardangereple» er også beskytta geografisk nemning.
Eple dyrka i Hardanger har ein frisk og syrleg smak. Dette kjem av dei spesielle vekstvilkåra som klimaet og naturen i Hardanger gir. På grunn av plasseringa ved 60° N er klimaet i Hardanger kjølig og rikt på lys i vekstsesongen. Eit slikt kjølig klima gir eple med høgt innhald av smakskarakteristiske fruktsyrer (0,5-1,0 %) og spesielt mykje C-vitamin. Samstundes sikrar varme og solrike sommardagar at det blir utvikla nok sukker i epla (11-13 %). Dei kjølige nettene om hausten er og med på å gi auka syre- og sukkerinnhald rett før haustinga. Den gode balansen mellom syre- og sukkerinnhald kjenneteiknar eple dyrka i Hardanger.

Visste du?

Sider frå Hardanger er laga på 100 % eple.

Produksjon av eple, pressing, gjæring og lagring av Sider frå Hardanger skal skje i Hardanger, som omfattar kommunane Ulvik, Kvam, Ullensvang (tidlegare Odda, Jondal og Ullensvang), Eidfjord og Granvin (del av Voss herad sidan 1.1.2020).

Sider frå Hardanger er hovudsakleg laga av utsorterte eple med feil storleik, feil farge, skjønnhetsfeil eller andre små skavanker som gjer at dei ikkje kan verta selt i butikk. Dermed bidrar siderproduksjonen til mindre matsvinn og full nytte av råvara eple.  

Sider frå Hardanger kan vere gjæra på villgjær frå epleskalet eller ved tilsett øl/vin/sidergjær.

Sider og eplemostproduksjon bidrar til høg etterspørsel etter eple. Dette er med å sikrar gode vilkår for epleprodusentar og framtida til norsk fruktproduksjon. 

Rundt 80 % av norsk sider som vert solgt på Vinmonopolet kjem frå Hardanger.

Norsk sider er eit godt alternativ til sprudlande kvitvin, vin og øl.

«Når du høyrer ordet Hardanger tenkjer du ikkje fyrst og fremst på fjord og fjell, men på sider» — Olav Bleie, Siderprodusent Alde Sider

Hald deg oppdatert på nyhende om frukt og sider

Ved å klikka "send inn" stadfestar eg personvernerklæringen